Vil du konfirmerast i Den norske Kyrkja?
Konfirmasjon har lange og djupe tradisjonar i Noreg.
Etter reformasjonen blei konfirmasjon innført i Danmark/Noreg i 1539. I 1736 blei den påbode med lov. Konfirmasjonseksamen måtte bli bestått innan konfirmanten var 19 år. I 1912 blei det slutt på eksamen, og frå 1981 blei konfirmasjonshandlinga ei forbønshandling, som skjer på konfirmasjonsdagen.
Me har mange flotte opplegg og dette kan vera eit spennande år for deg.
Sjølve konfirmasjonen skjer laurdag 3. eller søndag 4. mai 2025.
I konfirmasjonsåret vil du læra meir om kvifor du er døypt og kva det betyr. Du får læra om den kristne trua og kva den har med ditt liv å gjera.
Er du ikkje døypt kan du bli det i løpet av året.
Kva gjer me i konfirmasjonsåret?
Det er mange spennande aktivitetar du må og som du kan bli med på dette konfirmasjonsåret. Du må gå på gudstenester.
Me har samlingar med samtale og undervisning. Du må velje deg ein aktivitet som du blir med på gjennom konf.året.
WEEKEND 14.-15. september
14.- 15. september reiser me på weekend til FEØY og bur på bedehuset. Då skal me ha det kjekt saman og bli betre kjent. Denne turen er obligatorisk.
KONFIRMASJONSFESTVAL – februar 2025
Då samlast me på Norheim og er med mange andre konfirmantar i vårt prosti. Dette blir også ei kjekke helg med mange opplevingar. Denne er obligatorisk.
GUDSTJENESTER:
For å bli betre kjent med kyrkja må du bli med på minst 8 gudstenester. Me har hatt konfirmantar som har gått på mange fleire gudstenester og det håper me skjer dette konf.året også. Slår ein konfirmant rekorden vankar det gåvekort!
Når du er konfirmant er du også med som «klokkerkonfirmant». Då hjelper du til både før og etter gudstenesta: bærer kors, tenner lys, rydde i leikekroken for borna, bli med som medhjelpar på søndagsskulen, vere med på kyrkjekaffien mm.
SAMLINGAR:
Me har samlingar på aktivitetshuset ved sida av ungdomshuset. Der har forskjellige tema i løpet av året. Me samlast omlag anna kvar tysdag.
Alle konfirmantane må bli med på samlingane som har forskjellige spennande tema om Gud, Jesus, Den Heilage Ande, om vennskap og kjærleik, om klima, om Bibelen….. og endå fleire spennande saker.
Du har møteplikt.
Me begynne samlingane med noko godt å ete og avsluttar med å be saman.
HER KAN DU VELJE MELLOM FLEIRE GRUPPER:
Du må også velje seg ei gruppe å bli med på. Her må du vere med minst i 16 timar, men kan sjølvsagt bli med på mange fleire. Premiering i slutten av året til den/dei konfirmantane som er mest aktive!
Til hausten kan me tilby desse gruppene:
- TEAMS konfirmant
- Innsats for andre konfirmant
- Konfirmantstyret
- Klokkerkonfirmant
- Speidar konfirmant
- UKlubben konfirmant
Korleis meld eg meg på?
Gå inn på :
https://www.torvastadkirke.no/Påmeldinger/Konfirmantskjema?oid=fcdddaab-aa97-4f81-bf43-537ad70b4cab&fid=6703d70c-90cc-4b26-b1e9-8423783a3f79
Her kan du fylle ut skjema og du har meldt deg på! Viktig å melde seg på her!
FRIST: 1.8.24
Me må ta inn ei avgift som dekkjer deler av alt me skal gjere dette året. Me vil også samla melde inn konfirmangane i KFUK-KFUM. 100 kr av dei 1000 går til dette medlemsskapet. Er me medlem i KFUK – KFUM vil me motta FRIfond støtte. Me vil også få tilgong til mange andre ressursar som me kan bruke.
Du kan betala ved å setje inn pengane på
kontonummer: 3361.14.00573
VIPS: 743972
Pris: 1000,- Merk betalinga med konfirmanten sitt namn.
Synes du at denne høyres spennande ut, men det kostar for mykje? Gi meg beskjed, så skal me kome til ei ordning! Alle er velkomne til å vera med i dette konfirmasjonsåret!
Me tilrettelegg konfirmasjonsåret for den enkelte konfirmant<3.
Konfirmant + foresatte inviteres til FORELDREMØTE i kyrkja:
Tysdag: 4. juni kl.1800 -1900
Torsdag: 29. august kl.1800 - 1900